The Chronicles of Narnia: The Lion, The Witch and The Wardrobe
Gjekk veldig spent til denne filmen. Etter å ha sett fjernsynsserien som liten sunnmøring, og ha gjenopplevd den ifjor, med Kaspar som ny sjåar, var dette absolutt ein film eg har gledd meg lenge til å sjå.
Forventningar er ikkje alltid like bra, ein endar altfor ofte opp ein smule skuffa. Det var difor veldig greit å kunne fastslå at denne filmen innfridde allereie frå starten av.
Filmen er i omtalar blitt kalt glimrande. Bøkene er ei suksesshistorie for seg sjølv. Skodespelaren som spelar Lucy er gjeve mykje av æra for at denne filmen er så bra, med sin sjarme og sitt vesen.
Nokre element i filmen har sine klare parallellar til Ringenes Herre, noko som kanskje ikkje er så rart, sidan historiene er like, men at scenene er så like og så likt oppbygd er kanskje til meir irritasjon enn glede. Ikkje fordi scenene vert dårlegare, men av di du ventar på urukhaiane frå RH skal dukke opp kvar augneblink.
Filmen er veldig bra. Sjølv om eg som sagt såg fjernsynsserien for under eit år sidan var det element som overraska meg. (Teikn på dårleg husk?) Det som var bra i fjernsynsserien var også med i denne storslagne filmen, men i tillegg var det mange bra scener som var lagt til.
Mange av forbetringane i denne filmen, i høve til fjernsynsserien, er nok på grunn av teknologiske framsteg, men likevel. Filmen lot oss site med eit smil om munnen heile vegen.
Karakteren vert dermed: 7